Illustrasjonsfoto: Ørn E. Borgen, NTBFleire born møter akademiverksemd, talentsatsingar og kommersielle tilbod lenge før ungdomsalderen. For nokon grupper kan denne utviklinga få særlege konsekvensar.Publisert: 12.08.2026 22:00Debatten om inkludering i norsk idrett handlar ofte om korleis fleire jenter med minoritetsbakgrunn kan rekrutterast inn, då dei er underrepresenterte på alle områder. Så også på Arendalsveka. I doktorgradsarbeidet mitt utforskar eg (Åse Mørkve) desse jentene sine erfaringar med lagidrett i Noreg. Jentene fortel om idrettsglede og fellesskap, men dei peikar og på barrierar rundt tidleg spesialisering, profesjonalisering og større foreldreinvolvering. Kva skjer når barneidretten blir stadig meir prega av nettopp dette?Dersom norsk idrett meiner alvor med visjonen «Idrettsglede for alle», held det ikkje berre å diskutere korleis fleire minoritetsjenter kan kome inn i idretten. Me må også diskutere om utviklinga i barneidretten gjer inngangen unødvendig vanskeleg.Fleire forskarar, trenarar og debattantar peikar på at idretten vert stadig meir prega av tidleg spesialisering, satsingstilbod og djup involvering frå foreldre med idrettskapital. Fleire born møter akademiverksemd, talentsatsingar og kommersielle tilbod lenge før ungdomsalderen, gjerne presentert som tilbod for dei mest motiverte. I praksis kan det skape nye skiljelinjer. For nokon grupper kan denne utviklinga få særlege konsekvensar.Kven vert ramma?Rapporten til Forskingssenter for barne- og ungdomsidrett (Fobu) peikar på økonomiske, kulturelle og språklege barrierar, særskilt for jenter med minoritetsbakgrunn. Samstundes utfordrar nyare forsking førestillinga om at idretten er inkluderande for alle. Idretten fungerer best for familiar som kjenner godt til idrett frå før, og for dei som allereie er trygge i etablerte fellesskap.Når idretten blir meir profesjonalisert, aukar krava til både born og foreldre. Foreldreressursar handlar om økonomi, tid, kunnskap og nettverk. Dei som manglar slike ressursar, risikerer lettare å hamne bakpå.Idretten fungerer best for familiar som kjenner godt til idrett frå før, og for dei som allereie er trygge i etablerte fellesskapMange unge sluttar med idrett fordi den er for seriøs, for tidkrevjande og for lite tilpassa dei som fyrst og fremst ynskjer fellesskap, meistring og glede. Idretten blir i tidlegare og aukande grad innretta mot dei som vil satse, medan andre opplever at tilbodet mistar meining. Tidleg spesialisering kan også gjere det vanskelegare å kome seinare inn i idretten. Då handlar terskelen for deltaking ikkje berre om motivasjon, men også om erfaring, meistring og opplevinga av å passe inn.Underrepresentasjon blant jenter med minoritetsbakgrunn, som utøvarar, ansvarspersonar og toppidrettsutøvarar, avgrensar moglegheita til å påverke utviklinga og kva som vert rekna som verdifull kapital i idretten. Dette kan bidra til at idretten reproduserer majoriteten sine normer, verdiar og førestillingar om norsk idrettskultur som ein inkluderande arena for alle.Kva barneidrett ynskjer me?Dersom idretten meiner alvor med «Idrettsglede for alle», må breiddeidretten vernast. Me bør vere varsame med utviklingstrekk som gjer kostnader, foreldreressursar og tidleg spesialisering til føresetnader for å kjenne seg heime i idretten.Dersom terskelen held fram med å stige, står me i fare for å byggje ein idrett som stadig fungerer betre for dei som allereie er innanfor, medan terskelen vert høgare for dei som står utanfor.
Debatt: Kva kan tidleg satsing i barneidretten bety for inkluderinga?
Fleire born møter akademiverksemd, talentsatsingar og kommersielle tilbod lenge før ungdomsalderen. For nokon grupper kan denne utviklinga få særlege konsekvensar.






