Ukentlig | For abonnenter

(Bergens Tidende): På eit grønt nes i Fusa sør for Bergen, fritt og fint over fjorden, ligg eit lite stykke Paris.

Den kvite stova med skifertak og grøne lister er bygd i 1889, same år som Eiffeltårnet.

Croissantane på kaffibordet kom med fly frå Charles de Gaulle i går, og på loftet ligg silkesjal i stablar. Dei er designa i Paris og inspirerte av urnorske uttrykk som rosemåling og gamle brurekroner.

Kvinna bak merket Myklé er nordfjordingen Torunn Myklebust.