Arendalsuka er ikkje gratis. Når offentlege institusjonar deltek, blir fellesskapet sine ressursar i praksis brukte. Då må vi kunne forvente at bodskapen som blir fremja, står på eit solid forskingsgrunnlag.

Arendalsuka skal vere ein nasjonal møteplass for kunnskapsbasert debatt. Nettopp derfor må vi stille spørsmål når offentlege institusjonar brukar tid, pengar og fagleg autoritet på å promotere behandlingsmodellar som framleis er omstridde og utilstrekkeleg dokumenterte.

Under årets Arendalsuka blir debatten «Hjernen skaper smerte – men systemet skaper kø. Hvordan løser vi det?» arrangert av Universitetet i Oslo.

I programteksten blir pasientar med langvarige smerter, utmatting og funksjonelle plager skildra som ei gruppe som kostar samfunnet milliardar. Samstundes blir løysinga i stor grad knytt til ein bestemt forståingsmodell: at hjernen skaper symptoma, og at nye psykologisk orienterte behandlingsmetodar kan bidra til å «skru dei av».

Det er lett å forstå kvifor dette bodskapet appellerer til politikarar og beslutningstakarar. Kven ønskjer vel ikkje ei løysing som både reduserer liding, kuttar helsekøar og får menneske raskare tilbake i arbeid?