Heimstaden min brennJacob Anderssen CabotStudent, Paris Foto: Stephane Mahe, Reuters/NTBDet burde vera umogeleg å skriva om varmerekordar og skogbrannar utan å nemna klimakrisa.Publisert: 31.07.2026 20:00Det er 37 grader og steikande vind i Sør-Frankrike i juli. Det som starta som ein gnist på ein fransk gard, har utvikla seg til ein brann på over 2550 hektar som trugar landsbyen min og familiehuset vårt.Eg les media frå jobben i Paris.19. juli skriv NRK om skogbrannane i Europa. Dei presenterer brannen som katastrofal, men likevel ikkje eit ord om klimaendringane.23. juli skriv VG om den historiske tørken, men framleis utan eit ord om klimaendringane.Nokre artiklar nemner klimakrisa, men altfor mange gjer det ikkje. Det burde vera umogeleg å skriva om varmerekordar og skogbrannar utan å nemna henne. Foto: PrivatEit varmare klima forlengjer og forverrar tørkeperiodane om sommaren og aukar både intensiteten og hyppigheita på skogbrannar. Det er ikkje ei bisak, det er ein stor del av forklaringa.Merksemda er på feil stadDet er ikkje tilfeldig at brannen er så stor, eller at 220.000 menneske er internt fordrivne i Frankrike på grunn av han. Norske media set fokus på norske familiar som har mista feriemogelegheitene sine, men ikkje godt nok på kvifor dei har vorte nøydde til å flykta.Det som ein gong var myr i Sør-Vest-Frankrike, er i dag planta att med berre furutre. Det er ei einsarta rekkje fyrstikkar på fleire tusen hektar, der biomangfaldet er utestengt. Å omtala skogbrannen utan å handtera klima- og naturkrisa bak han er som å kommentera røyken utan å nemna elden.Eg kjenner det på kroppenKlimaendringane er ikkje lenger noko framtidig.Min franske heimstad brenn, og den fjerde hetebølgja denne sommaren kjem no til Paris. Gatene er ikkje lenger til å leva i.Vindauga blir no dekte med redningsteppe i håp om å halda soverom under 35 grader om nattaÅ opna døra til gata er som å opna døra til ein steikande pizza i omnen. Vindauga blir no dekte med redningsteppe i håp om å halda soverom under 35 grader om natta.Trea byrjar allereie å gå mot haustfargar og mistar blad. Det er ikkje haust, det er berre ekstremt tørt.Det er frykteleg varmt, og likevel er dette «den kaldaste sommaren i resten av vårt liv», ifølgje forskaren Françoise Vimeux. Dagens ekstreme varme er framtidas norm.For høg klimaskepsis i NoregNoreg har uvanleg høg klimaskepsis i befolkninga. Nettopp derfor må norske media, som skal vera folkeopplysarar, setja hendingar som denne brannen inn i ein klar klimasamanheng. Når store katastrofar blir skildra utan å nemna årsaka blir klimaendringane ståande som noko fjernt i staden for det dei er: noko som brenn ned landsbyar og driv folk frå heimen sin, akkurat no.Heimstaden min brenn, men norske media finn framleis plass til å tipsa lesarane om billege flyreiser til dei same solfylte reisemåla, som er ein del av problemet. Det er på tide at norske media sluttar å skriva om røyken og byrjar å skriva om elden.
Debatt: Det burde vera umogeleg å skriva om varmerekordar og skogbrannar utan å nemna klimakrisa
Det burde vera umogeleg å skriva om varmerekordar og skogbrannar utan å nemna klimakrisa.











